Sunn Idrett
Norges Idrettsforbund

Karsten Warholm

Min oppskrift

HEIMELAGA KNEKKEBRØD

4 dl havregryn
2 dl grov spelt
2 dl sammalt rugmel finmelt
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
7 dl vatn

Blandt alt ilag. Fordel deigen likt på 3 steikebrett. Stryk ut med ei skei eller ei steikespade e.l. (skal vere eit tynt lag).
Steik knekkebrøda på varmluft 160gr i 30 min, bytt om platene og steik i nye 30 min. Knekkebrøda skal vere godt steikt.

Mine tips

Gjer det du syns er gøy og finn eit treningsmiljø du trives i. Uten idrettsglede og trivsel vil heller ikkje gode resultat kome. Konkurrer først og fremst mot deg sjølv og ha fokus på persar.

Konkurransemat

I perioda før konkurranse er eg opptatt av å ete gode råvarer til alle måltid. Heimelaga knekkebrød og speltbrød er fast innslag saman med Tine mjølk og yoghurt. Eg merkar at sunn mat gjer kroppen min bra og får den til å fungere optimalt. Konkurransedagar et eg ein god frukost, og lett mat som t.d knekkebrød og banan fram mot sjølve konkurransen, siste måltid inntek eg ca 2 timar før eg skal konkurrere.

Kosemat

Min favoritt kosemat er vaflar og eg elskar smågodt. Skal eg kose meg skikkeleg så kjøper eg inn ein stor pose smågodt som eg har til ein bra film saman med gode vener. For meg er det viktig å få lov å kose seg innimellom, ein må leve så normalt som mulig sjølvom ein er toppidrettsutøvar.

Mitt mentale tips

For meg er det viktig å ha god balanse mellom trening, konkurransar, vennar og familie. Eg har alltid prioritert å bruke tid saman med vennane mine, trening først på dag, så vennar nokre timar etterpå. Dette har gitt meg ein naturleg måte å koble ut på og det gir meg god restitusjon.

Chat med Sunn Idrett